Idéen om å gjenskape dei spektakulære fjelltoppene i Trollveggen, i ein varm og allsidig strikkegenser, starta vinteren 2021. No er strikkeoppskriftene ute for sal, og utviklinga av nye design er i ein kontinuerleg prosess.

Trollveggen Design blei oppretta med store draumar og ambisjonar om at dette designet kan falle i smak for mange.


Eg - Julie Solberg Knutsen - er frå Arna utanfor Bergen, og er gift med ein Romsdaling. Eg og mi familie tilbringer mykje tid under dei høge og spektakulære fjella i Romsdalen gjennom året, ved vårt småbruk langs Rauma elv.




Dersom du ein person som har sakna strikkeoppskrifter på nynorsk, kan eg glede deg med at alle Trollveggen Design sine oppskrifter er skrivne på nynorsk!




SAMARBEID


Gjennom utviklinga og marknadsføringa av Trollveggen Design har eg etablert nokre samarbeid som eg er veldig stolt av.

La meg presentere dei her:

AMBASSADØRER



MARTINE LIMSTRAND

er klatrar busett i Lofoten

Ho er naturelskar, og kombinerer jobb og familieliv med mykje aktivitet i fjellet og ved havet.


@martiinelim

CATHRINE MONTERO MOEN

bur i Isfjorden saman med sin trulovde og deira to born. Ho er ei aktiv dame som elskar Romsdalsnaturen og å vere med familien sin.


@cathrinemontero

LEA ERLANDSEN

er elektriker oppvaksen og busett i Isfjorden. Ho er nominert til Noregs hyggelegaste handtverkar, og er ei natur- og menneskeglad jente.


@elektriker_lea

HANNE-MARTHE

bur i Ålesund, og er ei ekte sunnmørsk fjellgeit. Ho er på tur nesten kvar dag, og ikkje sjeldan på dei høge toppane.

Ho deler turopplevingane sine gjennom Intagramkontoen:


@instahanniz

Oppskriftene kan kjøpast ved å trykke på biletet av ynskja design påframsida ("Heim")

Digital oppskrifter kan kjøpast med kort på Strikkeland.

Trykk på biletet av "Strikkeland" for å kome til nettbutikken

Papiroppskrifter og tilhøyrande garn:

Evas Garn & Systue 

Rauma Ullvarefabrikk

Fagmøbler Åndalsnes